Thomas Vermaelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Vermaelen
Thomas-vermaelen-3.jpg
Personleg informasjon
Namn Thomas Vermaelen
Fødselsdato 14. november 1985 (28 år)
Fødestad Kapellen i Belgia
Høgd 182 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for Arsenal
Draktnummer 5
Ungdomsklubb
-2000
2000-03
Belgia Germinal Beerschot
Nederland Ajax
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-09
2004-05
2009-
Nederland Ajax
Nederland Waalwijk (lån)
Flag of England.svg Arsenal
99 (8)
13 (2)
110 (13)
Landslag**
2006- Belgia Belgia U21
Belgia Belgia U23
Belgia Belgia
13 (1)
5 (0)
47 (1)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 4. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 4. mai 2014.

Thomas Vermaelen (fødd 14. november 1985 i Kapellen i Antwerpen-provinsen) er ein belgisk fotballspelar som i 2014 spelar i forsvar for Arsenal i engelsk Premier League, og for Belgia sitt landslag.

Vermaelen debuterte som profesjonell fotballspelar for Ajax i nederlandsk Eredivisie 15. februar 2004. I 2004/05-sesongen var han på utlån til Eredivisie-klubben Waalwijk. Frå 2005/06-sesongen var han fast på laget til Ajax, og i slutten av 2008/09-sesongen var han klubbkaptein for Ajax. Sommaren 2009 vart han seld til Arsenal for 12 millionar euro. Han spelte stort sett fast på førstelaget til Arsenal den første sesongen sin i klubben. Han var med på å vinna FA-cupen med Arsenal i 2014.

Vermaelen debuterte for Belgia sitt A-landslag i mars 2006, i ein kamp mot Luxembourg. I oktober 2009 var han kaptein for Belgia sitt landslag for første gong. 14. november 2009 skåra han det første landslagsmålet sitt, i ein privatlandskamp heime mot Belgia.