Thur i Sveits
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Thur | |
| elv | |
|
Thur i Toggenburg
|
|
| Land | |
|---|---|
| Kjelde | kantonen St. Gallen |
| Munning | Rhinen |
| Lengd | 131 km |
| Nedslagsfelt | 1 696 km² |
Thur er ei elv i den nordaustlege delen av Sveits. Ho er 134 kilometer lang, med eit nedslagsfelt på 1 696 km². Elva er ei bielv til Rhinen. Thur har kjelde på fjellet Säntis, søraust i kantonen St. Gallen. Ho renn gjennom valkrinsen Toggenburg og byen Wil, deretter renn ho inn i kantonen Thurgau og forbi kantonshovudstaden Frauenfeld. Dei siste 19 kilometrane av Thur renn ho i kantonen Zürich. Ho munnar ut i Rhinen ved landegrensa mot Tyskland, sør for Schaffhausen.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Thur (Rhein)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2011.