Tinguiririca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellet Tinguiririca sett frå elvedalen til elva Tinguiririca

Tinguiririca er ein 4 280 meter over havet høg aktiv stratovulkan i O'Higgins-regionen i det sentrale Chile, nær grensa mot Argentina. Konstant fumarole-aktivitet føregår i vulkankrateret og heite kjelder og fumaroler kan også sjåast på vestskråninga av vulkanen. Siste utbrotet i vulkanen fann stad i 1917.

Det var på ein lågare fjelltopp få kilometer nord for Tinguiririca at Flight 571 av Uruguay sitt flyvåpen krasjlanda i oktober 1972, og der dei overlevande var sakna i 72 døgn før dei fekk kontakt med utomverda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]