Tintin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tintin
Les Aventures de Tintin
Forfattar(ar)Hergé
Språkfransk
Sjangeradventure comic
ForlagCasterman

Tintin er ein teikneserie skapt av belgiaren Hergé, Georges Remi. Teikneserien handlar om journalisten Tintin, hunden hans Milou (Terry), og kaptein Haddock som stadig rotar seg opp i mysteriar. Fyrste episode av Tintin, historia Tintin au pays des Soviets (Tintin i Sovjet) vart trykt i barnebilaget Le Petit Vingtième hos den belgiske avisa Le Vingtième Siècle den 10. januar 1929.

16 år gamal starta Remi ein teikneserie om ein speidarleiar, kalla Totor, i den belgiske speidaravisa Le Boy-Scout Belge. Hovudpersonen Totor var ein forgjengar til Tintin.

Alle Tintin-album utgjevne på norsk[endre | endre wikiteksten]

  1. Tintin i Sovjet (Tintin au Pays des Soviets, 1929)
  2. Tintin i Kongo (22, Tintin au Congo, 1930)
  3. Tintin i Amerika (20, Tintin en Amérique, 1931)
  4. Faraos sigarer (7, Les Cigares du Pharaon, 1932)
  5. Den blå lotus (8, Le Lotus Bleu, 1934)
  6. Det knuste øret (3, L'Oreille Cassée, 1935)
  7. Den sorte øya (15, L'Ile Noire, 1937)
  8. Kong Ottokars septer (7, Le Sceptre d'Ottokar, 1938)
  9. Krabben med de gyldne klør (9, Le Crabe aux Pinces d'Or, 1940)
  10. Den mystiske stjerne (10, L'Étoile Mysterieuse, 1941)
  11. Enhjørningens hemmelighet (11, Le Secret de la Licorne, 1942)
  12. Rackham den rødes skatt (12, Le Trésor de Rackham le Rouge, 1943)
  13. De syv krystallkulene (5, Les Sept Boules de Cristal, 1946)
  14. Soltemplet (6, Le Temple du Soleil, 1947)
  15. Det sorte gull (17, Tintin au Pays de l'Or Noir, 1948)
  16. Månen tur retur, del 1 (13, Objectif Lune, 1950)
  17. Månen tur retur, del 2 (14, On a Marché sur la lune, 1952)
  18. Det hemmelige våpenet (18, L'Affaire Tournesol, 1954)
  19. Koks i lasten (1, Coke en Stock, 1956)
  20. Tintin i Tibet (2, Tintin au Tibet, 1958)
  21. Castafiores juveler (21, Les Bijoux de la Castafiore, 1961)
  22. Flight 714 til Sydney (19, Vol 714 pour Sydney, 1966)
  23. Tintin og picaroene (4, Tintin et les Picaros, 1975)

Albuma er sortert etter opphavleg utgjeving. I parantesane står norsk nummer, originaltittel og opphavleg utgjevingsår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]