Tistedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tistedalen, /'tistæN/, er ein gamal sagbruksstad i Halden kommune, om lag fire km frå Halden sentrum. Her har det vore saga plank sidan 1600-talet og her starta Mads Wiel Bomullspinneriet i 1815, den fyrste industriverksemda i Noreg.

Tistedalen har med tida vakse i hop med busetnaden i Halden, men er jamvel som eigen tettstad å rekne. Her er eige friluftslag, eige fotballag, ymse partilag og eigen frelsesarme.