Frelsesarmeen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frelsesarmeen (frå engelsk Salvation Army) er eit kristent kyrkjesamfunn som tilbyr omsorg for hele mennesket. Frelsesarmeen vart grunnlagd av eikteparet Catherine og William Booth i London 1865. Først brukte dei namnet Christian Mission. Salvation Army, det vil seie Frelsesarmeen, vart teke i bruk i 1878.
I Noreg vart Frelsesarmeen starta den 22. januar 1888 av Hanna Ouchterlony. Den første kyrkjelyden vart grunnlagd i Kristiania, den andre i Arendal.
Øvste leiar for Frelsesarmeen i Noreg, Færøyene og Island er kommandør Clive Adams. Han tok til 1. november 2010. Frelsesarmeen sin verdsleiar er general Linda Bond. Ho tok til 2. april 2011.
Frelsesarmeen i Noreg vart offentleg godkjend som eige trussamfunn i 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Frelsesarmeen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2011.