Tjukktarm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tjukktarmen)
Tjukktarm

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD007420
Diagram over tarmane som viser tjukktarmen i grønt.

Tjukktarmen (lat. intestinum crassum) høyrer til fordøyingssystemet og er ein del av tarmkanalen. Han er siste delen av tarmane og omfattar endetarmen. Den viktigaste oppgåva til denne tarmen er å ta opp vatn frå tarminnhaldet og driva restavfallet ut av kroppen. Han tek berre opp nokre næringsstoff og bryt ikkje tarminnhaldet meir ned.

Diagram over tjukktarmen med fire delar.

Hjå menneske byrjar tarmen med Bauhins klaff (valva ileocoecalis), ein leppeaktig ventil frå tynntarmen til blindtarmen (cecum). Etter denne kjem sjølve tjukktarmen (colon), som er rundt 1,5 meter lang. Han byrjar på høgre side av livet og går frå blindtarmen til levra, deretter tvers over bukhòla mot milten før han går nedover i bekkenet mot endetarmen (rectum).

Kolon[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste virveldyr har ein tjukktarm med det vitskaplege namnet kolon (colon). I pattedyr har denne tjukktarmen fire delar: Den oppstigande (colon ascendens) går på høgre side frå blindtarmen til levra. Den tversgåande (colon transversum) ligg tvers over bukhòla frå levra mot milten, den nedstigande (colon descendens) går på venstre side og dannar og den S-forma slyngedelen (colon sigmoideum).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tjukktarm
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.