Tjuvfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tjuvfjorden er ein fjord på sørsida av EdgeøyaSvalbard. Fjorden strekkjer seg om lag 37 km nordaustover til Dyrdalen.

Han har innløp mellom Kvalpynten i nordvest og Negerpynten i søraust. Nesten heilt inne i fjorden ligg Tjuvfjordlaguna på austsida av fjorden, like nedanfor Deltabreen. Kong Ludvigøyane, Bölscherøya og Tusenøyane ligg like utanfor fjorden. Zieglerøya ligg på austsida, inne i fjorden.

Namnet er ei norsk forvansking av det engelske namnet Deevie, igjen ei forvansking av Deicrowes Sound, etter Benjamin Decrowe, som leidde «the Muscovy Company» tidleg på 1600-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]