Toll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Toll er ei avgift som staten legg på varer som vert frakta over landegrensene. Varene vert anten ført inn frå utlandet (innførselstoll), ført ut frå landet (utførselstoll) eller dei vert ført gjennom området til staten (gjennomførsels- eller transittoll). I Noreg er tollavgjerslene heimla i lov om toll av 10. juni 1966 med forskrifter.

Den viktigaste tollen er innførselstoll, som tidlegare var ei stor inntektskjelde for staten i dei fleste land. Både utførsels- og transittoll er no sjeldan brukte former for toll. Etter føremålet skil ein mellom fiskaltoll og vernetoll.

Fiskaltollen[endre | endre wikiteksten]

Oppgåva til fiskaltollen er å skaffe staten inntekter, og vert som regel lagt på varer som vert nytta i stor målestoll, som til dømes kaffi, te, sukker, sjokolade eller på varer som kan gå ut over folkehelsa, som alkohol eller tobakk. Fiskaltoll har no særs lita tyding i Noreg. I staden er det lagt særavgifter på varer som ein ønsker å skattlegge. Når fortolla varer inngår i varer som er bestemt til eksport, for ofte eksportørane for å lette konkurransen deira på den utanlandske marknaden tollen heilt eller delvis tilbakebetalt ved utførselen, såkalla drawback.

Vernetoll[endre | endre wikiteksten]

Vernetoll vert lagt på særskilde varer med relativt høge satsar for å verne innanlandske produsentar mot konkurranse frå lågprisland. Dei fleste statar har ei blanding av verne- og fiskaltoll.

Kampen mot tollhindringar og særskild mot vernetoll vart teken opp då industrialismen hadde gjennombrotet sitt. På 1800-talet fekk frihandelspolitikken stor tilslutnad. Etter 1900 og særleg i 1920- og 1930-åra vart vernetoll igjen vanleg. Nivået på vernetollen er derimot kraftig redusert sidan omkring 1950.

Internasjonale rammevilkår[endre | endre wikiteksten]

Dei internasjonale rammevilkåra for norsk handel med utlandet er hovudsakleg forankra i EØS-avtalen og WTO-avtalen. Ved siden av at vernenivået er senka, har tollvernet endra karakter i mange land ved dei økonomiske grupperingane som har oppstått i form av tollunionar eller frihandelsområde. I same retning virkar preferansetollen som fleire industrialiserte land, som Noreg, har gjennomført til fordel for størsteparten av eksportvarene til utviklingsland.

Tollinntekt[endre | endre wikiteksten]

I Noreg var tollinntektene til byrjinga av 1900-talet den viktigaste inntektskjelda til statskassen. Dette gjeldt òg i periodar heilt fram til 1930-åra. Sidan har tollinntektene falle kraftig og var i 2004 omkring 1,6 milliardar kroner.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]