Hopp til innhald

Tom Colbjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Colbjørnsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 1951 (73 år)
Oslo
Yrke samfunnsøkonom, professor, sosiolog

Tom Colbjørnsen (fødd 31. mai 1951) er rektor ved Handelshøyskolen BI i Oslo frå 1. august 2006.

Colbjørnsen er fødd i Oslo. Han er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og som cand. polit. med sosiologi som hovudfag frå Universitetet i Bergen. Han har doktorgraden sin (dr. philos.) frå 1984 på eit arbeid om ulikskap i arbeidsmarknaden.

Tom Colbjørnsen har vore professor i organisasjon og leiing ved Norges Handelshøyskole (NHH), dekan for NHH si executiveutdanning og professor i organisasjon og leiing ved Institutt for strategi og leiing på Norges Handelshøyskole.

  • Reisen til markedet (1995)
  • Norske ledere i omskiftelige tider (2001)
  • Fleksibilitet og forutsigbarhet (2003)
  • Arbeid og organisasjoner i endring (2003)
  • Ledere og lederskap (2004)
  • Modernisering og fornyelse i staten (2005)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]