Tom Nordlie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Nordlie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mars 1962 (62 år)
Noreg
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Tom Nordlie på Commons

Tom Nordlie (fødd 2. mars 1962) er ein norsk fotballtrenar frå Skedsmo kommune. Han er trenar for Lillestrøm Sportsklubb i Tippeligaen.

Nordlie er ein av dei mest kjende fotballtrenarane i Noreg. Mykje grunna ein omfangsrik kropp fekk han kallenamnet Keiko.

Trenarfilosofien hans er at ein skal vere «kontrollert sinnssjuke». Nordlie meiner med dette at ein skal gje alt, men samtidig ha fokus på oppgåvene sine, og at ein skal ha mange pasningsalternativ. Dette står i kontrast til Drillo-filosofien, der ein har satsa på lange ballar og dødballsituasjonar.

Tom Nordlie har opplevd fleire suksessar, men også fleire vonbrot. I 1998 leia han Odd Grenland opp til Tippeligaen og året etter til ein respektabel 7. plass. I 2000 gjekk det motsett veg, då han trena Vålerenga ned til 1. divisjon. Etter ein periode som ekspertkommentator i TV 2 tok han over Sandefjord Fotball, utan å klare å leie dei til opprykk. Den klart største prestasjonen til Nordlie var med Start. Etter at laget hadde hamna på nedre halvdel av tabellen i 1. divisjon, tok han over laget i 2004. Dette året leia han laget i 1. divisjon frå fyrste til siste serierunde. Som nyopprykt til Tippeligaen i 2005 tok IK Start sin fyrste sølvmedalje - berre eit poeng frå gullet. Sesongen 2006 gjekk dårlegare, og 14. juli 2006 vart Nordlie løyst frå kontrakten sin med Start. Det er førebels uvisst av kva grunn Nordlie vart fråteken stillinga, men fleire aviser har trekt fram samarbeidsproblem mellom trenar og spelarar som bakgrunn for avgjerda. Nordlie redda Viking frå nedrykk i 2006-sesongen. Då han fekk tilbod om å halde fram som trenar i Stavangerklubben, takka Nordlie nei, og signerte i staden kontrakt med Lillestrøm Sportsklubb.

Tidlegare klubbar[endre | endre wikiteksten]

Skal vi danse[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2010 skulle Nordlie vere med i fjernsynsprogrammet Skal vi danseTV 2, men måtte trekkje seg og vart erstatta av Åsleik Engmark som til slutt vann tevlinga.[1][2] I 2013 vart han att presentert som ein av deltakarane i programmet, men berre to veker før premieren vart han sjukemeldt og måtte trekkje seg for andre gong.[3] Nordlie vart erstatta av Rein Alexander.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Reginiussen og Fredrik Furuseth (23. august 2010). «Tom Nordlie trekker seg fra «Skal vi danse»» (på norsk). TV 2. Henta 16. august 2013. 
  2. Åshild Amland (19. august 2010). «Åsleik Engmark til Skal vi danse» (på norsk). TV 2. Henta 30. august 2013. 
  3. Nina Aasmundsen (30. august 2013). «Tom Nordlie trekker seg fra «Skal vi danse» igjen» (på norsk). TV 2. Henta 30. august 2013. 
  4. Malini Gaare Bjørnstad (7. september 2013). «Rein Alexander er Nordlies erstatter» (på norsk). Se og Hør. Henta 7. september 2013.