Åsleik Engmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Åsleik Engmark (fødd 27. desember 1965) er ein norsk komikar og skodespelar fødd i Oslo.

Engmark var med på å starte Lompelandslaget i 1987. I 1988 var han tilsett ved Det Norske Teatret. Etter medverknaden i satireprogrammet Egentlig som gjekk på NRK frå 1993 til 1997 vart han kjend for det allmenne publikumet. Han har òg medverka i humorprogrammet LøvebakkenNRK.

I 2010 deltok han i dansekonkurransen Skal vi danseTV2, som han vann saman med dansepartneren og trenaren Nadya Khamitskaya.