Viking Fotballklubb
| Fullt namn | Viking Fotballklubb | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Dei mørkeblå | ||
| Grunnlagd | 10. august 1899 | ||
| Heimebane | Viking Stadion (kapasitet: 16 600) |
||
| Styreformann | Christian Rugland | ||
| Hovudtrenar | Kjell Jonevret | ||
| Liga | Tippeligaen | ||
| Nettstad | Heimeside | ||
|
|
|||
Viking Fotballklubb er ein fotballklubb i Stavanger. Klubben spelar denne sesongen i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Kjell Jonevret.
Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899. Laget spelar heimekampane sine i Tippeligaen på Viking Stadion i Jåttåvågen. Viking Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna var Stavanger Stadion på Eiganes heimebana. Draktene til laget har mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.
Innhaldsliste |
Litt om klubben [endre]
Viking er den største og leiande fotballklubben i Rogaland fylke. Fotballklubben har vore mellom dei beste i norsk fotball ei rad år. Særleg på 1970-talet vann klubben mange seriemeisterskap. Lenge låg klubben på fyrsteplass på maratontabellen for øvste divisjon i norsk fotball. Etter seriegullet i 1991 har klubben ofte ikkje kjempa heilt i toppen, og har kome bak Rosenborg B.K. på maratontabellen.
Noverande tropp [endre]
- Oppdatert 19. januar 2013
Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.
|
|
Merittar [endre]
- Seriemeisterskap: 1958, 1972, 1973, 1974, 1975,1979, 1982, 1991
- Cupmeisterskap: 1953, 1959, 1979,1989, 2001
Kjende spelarar [endre]
- Reidar Kvammen
- Edgar Falch
- Sverre Andersen
- Olav Nilsen
- Sigbjørn Slinning
- Svein Kvia
- Isak Arne Refvik
- Svein Fjælberg
- Erik Thorstvedt
- Thomas Myhre
- Erik Nevland
- Brede Hangeland
Supporterklubb [endre]
VikingHordene er Viking F.K. sin offisielle supporterklubb.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Lag | Brann · Haugesund · Hønefoss · Lillestrøm · Molde · Odd · Rosenborg · Sandnes Ulf · Sarpsborg 08 · Sogndal · Start · Strømsgodset · Tromsø · Viking · Vålerenga · Aalesund |
| Serierundar | 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · Kvalifisering |
| Lagartiklar for 2013 | Brann · Haugesund · Hønefoss · Lillestrøm · Molde · Odd · Rosenborg · Sandnes Ulf · Sarpsborg 08 · Sogndal · Start · Strømsgodset · Tromsø · Viking · Vålerenga · Aalesund |