Tongansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tongansk
(lea faka-Tonga)
Klassifisering: Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Sentralt austleg
   Austleg malayopolynesisk
    Oseanisk
     Sentralt austleg
      Fjerntliggande
       Polynesisk
        Tonganske språk
         Tongansk
Bruk
Tala i: Flag of Tonga.svg Tonga
Tongansktalande i alt: 105 319[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: to
ISO 639-2: ton
ISO 639-3: ton
Wikipedia på tongansk

Tongansk er eit austronesisk språk som blir snakka på Tonga, der det er eit offisielt språk saman med engelsk. Det blir snakka av rundt 100 000 menneske.

Tongansk høyrer til den polynesiske gruppa av språk i den austronesiske språkfamilien, i same gruppe som blant anna hawaiisk, maorisk, samoansk og tahitisk. Tongansk dannar saman med niuisk den tonganske språkgruppa.

Rettskriving[endre | endre wikiteksten]

Tongansk blir skrive med det latinske alfabetet, men til tonganske ord blir det berre brukt 16 bokstavar (inkludert digrafen ng). Dagens rettskriving er frå 1943.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Tongansk har ein typisk polynesisk grammatikk, og er eit isolerande språk. Pronomensystemet er rikt, og inneheld ein opposisjon mellom inklusiv (viinkl = eg, du og kanskje andre) og eksklusiv (viekskl = eg, andre, men ikkje du) førsteperson.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Tongansk er eit VSO-språk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologues tal frå 1998