Polynesiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fijian-Polynesian.svg

Dei polynesiske språka er ei undergruppe av dei oseaniske språka, ei grein av dei austronesiske språka. Gruppa polynesiske språk omfattar om lag 30 språk med til saman ein million brukarar. Dei fleste brukarane bur i Mikronesia og Melanesia. Dei mest kjende polynesiske språka er tongansk, samoansk, tahitisk, maori og hawaiisk.

Det einaste språket i den polynesiske språkgruppa som har hatt eit eige skriftsystem er rapanui, språket på Påskeøya. Alle levande polynesiske språk vert skrive med det latinske alfabetet.

Språka er kjent for å ha eit svært enkelt lydsystem med mellom åtte og tolv konsonantar og fem vokalar. Fleire konsonantar etter kvarandre vert ikkje brukt. Dette fører til at språka har mange homonym. Grammatikalsk sett er språka analytiske, sidan dei ulike grammatikalske tydingane vert uttrykte ved bruk av partiklar.

Ord som «tabu» og «tatovering» er europeiske låneord frå det polynesiske språket tahitisk.


Polynesisk innanfor austronesisk[endre | endre wikiteksten]

  • Austronesisk
    • Formosa-gruppe
    • Malayo-Polynesisk
      • Vest-Malayo-Polynesisk (med filippinisk, malayisk, java, sumatransk, borneo-språk, malagasy etc)
      • Sentral-aust-Malayo-Polynesisk
        • Sentral-Malayo-Polynesisk
        • Aust-Malayo-Polynesisk
          • Sør-Halmahera - vest-Nyguinea - gruppe
          • Oseansk
            • Admiralitetsøyene
            • Vestoseanisk (med Nyguinea-språk, Meso-Melanesisk)
            • Sentral-austoseansk
              • Søraust-Salomon
              • Santa Cruz
              • Vanuatu
              • Nykaledonia
              • Loyalitetsøyene
              • Mikronesisk
              • Sentral-Pasifisk
                • Fiji-Rotuma
                • Polynesisk

Klassifikasjon og einskildspråk[endre | endre wikiteksten]

Polynesisk kan bli delt inn i Tonga-Niue-gruppa, Samoa-gruppa og aust-Polynesisk. Dei to siste blir også samla under nemninga kjernepolynesisk.

  • Polynesisk
    • Tonga-Niue-gruppa
    • Kjernepolynesisk
      • Samoa-gruppa
        • Samoansk (430.000)
        • Uvea-aruppa
        • Ellice-gruppa
          • Tuvalu (11.000)
          • Kapingamarangi (3.000), Nuguria (200), Nikumanu (200), Nukuoro (1.000)
          • Ontong Java (2.000), Sikaiana (1.000), Takuu (200)
        • Futuna-gruppa
          • West-Uvea (Faga-Uvea) (2.000) (Ouvea-Atoll der Loyalty-Inseln)
          • Futuna (aust-Futuna) (8.000), Futuna-Aniwa (600)
          • Emae (200), Mele-Fila (2.000), Pilenia (1.700), Rennell (3.500)
          • Tikopia (3.500), Anuta (400)
        • Tokelau (4.000)
        • Pukapuka (2.000) (Cook-øyene)
      • aust-Polynesisk
        • Rapa (500)
        • Marquesas-gruppa
          • Hawaiisk (1.000, andrespråk 8.000, etnisk 240.000)
          • Mangareva (2.000)
          • Marquesanisk (5.500) (variantar: Nord, sør)
        • Tahiti-gruppa
          • Tahitisk (125.000)
          • Māori (60.000, etnisk 310.000) (Ny Zeeland)
          • Rarotonga (40.000)
          • Tuamotu (14.000), Rakahanga-Manihiki (5.000), Penrhyn (600), Austral (8.000)
        • Rapanui (2.500) (austerinsel)


Tala for talarar er frå Ethnologue 2005 og nettlenkja til slutt i artikkelen.


Polynesiske lydsamanlikningar

Sprache K T R H Φ W NG
Māori K T R H WH, H W NG
Marquesas K T R H F V N, K
Tahiti ʻ T R H H, F V ʻ
Hawaii ʻ K L H H W N
Cookøyene K T R ʻ ʻ V NG
Tonga K T(s) L H F V NG
Samoa ʻ T L S, F F V NG
Tuamotu K T R H F, H V NG
Mangareva K T R H H V NG

Tabell etter Nevermann 1947[1]

Polynesiske ordsamanlikningar[endre | endre wikiteksten]

Tabellen viser korleis dei polynesiske språka varierer seg i mellom. Avstanden språka i mellom er omtrent som den mellom tysk og nederlandsk eller den mellom spansk og portugisisk.

Norsk Tongansk Samoansk Rapanui Tahitisk Maori Hawaiisk
himmel /laŋi/ /laŋi/ /ɾaŋi/ /ɾaʔi/ /ɾaŋi/ /lani/
nordavind /tokelau/ /toʔelau/ /tokeɾau/ /toʔeɾau/ /tokeɾau/ /koʔolau/
kvinne /fefine/ /fafine/ /hahine/ /vahine/ /wahine/ /wahine/
hus /fale/ /fale/ /haɾe/ /faɾe/ /ɸaɾe/ /hale/
slektning /motuʔa/ /matua/ /matuʔa/ /metua/ /matua/ /makua/
mor /faʔē/ /tina:/ /matuʔa/ /metua vahine/ /ɸaea/ /makuahine/
far /tamai/ /tama:/ /matuʔa/ /metua ta:ne/ /matua/, /pa:pa:/ /makua ka:ne/


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lynch, John: Pacific Languages. An Introduction. University of Hawai'i Press, Honolulu 1998.
  • Lynch, John, Malcolm Ross & Terry Crowley (Hrsg.): The Oceanic Languages. Routledge, London - New York 2003.
  • Adelaar, Alexander & Nikolaus P. Himmelmann (Hrsg.): The Austronesian Languages of Asia and Madagascar. Routledge, London - New York 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans Nevermann: Götter der Südsee. Die Religion der Polynesier. Stuttgart 1947.