Toshiro Mifune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toshiro Mifune (1. april 1920–24. desember 1997), japansk 三船 敏郎, Mifune Toshiro, var ein japansk skodespelar. Han er rekna som ein av dei største skodespelarane gjennom tidene. Det best kjende verket han spelte hovudrolla i, er Shichinin no Samurai frå 1954.
Shichinin no Samurai [endre]
Shichinin no Samurai eller De syv samuraier[1] er eit japansk eventyrdrama og actionfilm frå 1954 regissert av Akira Kurosawa. Hovudpersonane blir framstilt av Toshiro Mifune og Takashi Shimura.
Filminstituttet skildrar filmen som «ein av dei mest storslagne actioneventyra i filmhistoria» og som eit «svært velformulert menneskeleg drama».[2]
Filmen vart nominert til to Oscar (beste kostyme og beste dekorasjon) og tre BAFTA.[3]
Referansar [endre]