Qingdao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over det nye sentrum av Qingdao
Plasseringa av Qingdao (gul) i Shandong
4. mai-plassen i Qingdao
Gamlebyen i Qingdao, med den katolskje kyrkja og skyskraparar
Fjernsynstårnet i Qingdao

Qingdao (kinesisk skrift 青岛, pinyin Qīngdǎo) er ein subprovinsiell by aust i provinsen Shandong i det austlege Kina. Det administrative byområdet, som ligg i ei bukt ved Gulehavet, har eit areal på 11 026 km² med over 8,7 millionar ibuarar.

Den subprovinsielle byen Qingdao omfattar seks bydistrikt (区 qū) og fire byfylke (市 shì). Qingdao er ein av Kinas viktigaste marinebasar, og hovudkvarter for den kinesiske nordflåten.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Qingdao har hatt ei rivande økonomisk utvikling dei siste tiåra. Hamnebyen har sidan 1984 nytt godt av utanlandske investeringar og internasjonal handel. Særleg har Sør-Korea og Japan gjort omfattande investeringar i byen og det kringliggjande distriktet. Om lag 80 000 sørkoreanarar bur i Qingdao.

Byen er særleg kjend for Tsingtao-bryggeriet, eit firma danna av tyskarar og britar i 1903, og som lagar det internasjonalt kjende tsingtao-ølet. Den store kvitevareprodusenten Haier og eit større elektronikkfirma, Hisense, held til i den subprovinsielle byen. Fleire papirfabrikkar ligg også i byen.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget Qingdao-Taiyuan har som namnet seier eine endestasjonen i Taiyuan.

Kinas riksveg 308 passerer gjennom prefekturet. Han tek til i Qingdao og leier via Jinan til Shijiazhuang i Hebei.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett i minst 6 000 år. Dongyi-folket budde her og skapte dawenkou-, longshan- og dongyeshi-kulturane. Under det austre Zhou-dynastiet (770-256 fvt.) vart byen Jimo etablert, den nest største i dåverande Shandong.

I 1891 vedtok styresmaktene i Kina å bygge ein forsvarsbase mot utanlandske flåtestyrkar. Vinteren 1895 ankra den russiske stillehavsflåten opp i bukta utanfor Qingdao. Den tyske keisaren melde til den russiske tsaren at viss Russland kom med territorielle krav i Kina, ville Tyskland krevje eit «koldepot», for å forsvare eigne handelsinteresser.

Dei tyske statsleiarane Ferdinand von Richthofen og Alfred von Tirpitz foreslo at provinsen Shandong skulle verte ei motvekt til den russiske flåten i Darien og den britiske i Weihai. Under påskot av å straffe drapa på to tyske misjonærar i fylket Juye i Shandong, hærsette tyskarane byen den 14. november 1897, og tvinga Kina til å godta ein traktat som mellom anna omfatta utleige av områda rundt byen og bukta.

Tyskland bygde opp ein stor marinebase, som opna for ein større tysk innverknad i heile Shandong-provinsen. Ein godt regulert bydel for utlendingar vart bygt med sanitære anlegg og elektrisk belysning. Ein garnison på 2 000 mann var stasjonert i byen.

I 1914 kravde Japan at Tyskland skulle avstå Qingdao. Tyske styresmakter ignorerte kravet, Japan erklærte då krig den 23. august 1914. Saman med alliansepartnaren Storbritannia bombarderte Japan Qingdao. Byen forsvarte seg, men fall den 7. november. Etter første verdskrigen fekk Japan makta over alle tyskkontrollerte område i Kina, trass i kinesiske protestar.

Qingdao kom atter under kinesisk styre i 1922. Byen fekk i 1930 namnet Qingdao, og vart gjeven ei spesiell administrativ stilling i Kina. I 1938 vart byen på nytt okkupert av Japan, okkupantane rådde i byen til 1945.

Etter andre verdskrigen etablerte USA eit hovudkvarter for sin vestlege stillehavsflåte i Qingdao, med løyve frå Kuomintang-regjeringa. Den 2. juli 1949 marsjerte kommunistiske styrkar inn i byen, og USA rømde med flåten sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]