Tova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tova er eit kvinnenamn og ei svensk (nordskandinavisk) form av den danske forma Tove. Namnet finst på runesteinar, men har sidan ikkje blitt brukt i Sverige før på 1900-talet. I seinare tid har bruke auka kraftig. Det finst òg eit hebraisk kvinnenamn Tova/Tovah (טוֹבָה), som tyder 'god'.[1]

I 2003 var det totalt cirka 1 800 personar i Sverige som hadde fornamnet Tova, cirka 1 500 hadde det som tiltalenamn. I 2003 fekk 228 nyfødde jenter namnet, og 206 fekk det som tiltalenamn.

Tova har ikkje namnedag i Noreg eller Sverige, men i Sverige var namnet i kalenderen fram til 1993, og hadde namnedag 2. november frå 1986 saman med Tove.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Behind the Name