Tove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tove er eit skandinavisk kvinnenamn av norrønt opphav. Det har namnedag i Noreg den 2. november.

Tove stammar frå det norrøne Tófa, ei kortform av namn som begynte med Tor- og hadde sluttledd på f- eller v-, som Torfrid eller Torve.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Historisk utviklig av populariteten til namnet Tove i Norge.[1][2]

Tove er mest brukt i Danmark og Noreg, og er lite kjend utanfor Skandinavia.

Tove er kjend i Noreg frå 1300-talet og kom truleg frå Danmark. Tove var mellom dei mest populære namna på nyfødde jenter i Noreg i tida ca 1940–1970.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Tove Jansson, kjend som skaparen av mummitrollet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NavnestatistikkStatistikk for navn i Norge
  2. DigitalarkivetFolketellinger i Norge