Transformers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folk utkledde som transformers ved Universal Studio Hollywood.

Transformers er ein media-franchise byrja som ein leiketøysserie skapt og produsert av det amerikanske firmaet Hasbro i tett samarbeid med Takara Co., Ltd. i 1984. Dei tidlegaste figurane blei opphavleg gitt ut av Takara under andre namn, men det var Hasbro i samarbeid med Marvel Comics som samla figurane under éin tittel og skapte ei bakgrunnshistorie og namna på figurane.

Franchisen har i vore populær gjennom fleire tiår, og omfattar mange andre medium som teiknefilm, teikneseriar, romanar, dataspel og spelefilmar. Konseptet bak serien har alltid handla om robotar frå det ytret rommet som kjem til jorda, og som oppnår fordelar ved å kunne forvandla seg frå humanoide robotar til m.a. bilar, fly, våpen, dyr og andre ting for å skjula seg på jorda.

Teikneserie[endre | endre wikiteksten]

Serien handlar om dei gode Autobottane, som kjempar mot dei vonde Decepticons, som ikkje tenkjer på anna enn å få nok energiressursar til at overtak herredømmet over heile universet. Transformatorane kom til jorda då dei kring 4 millionar før vår tidsrekning nødlanda her med nokre Autobottar og Decepticonar om bord, alle deaktiverte. Men i 1984 blei dei alle reaktivert av datamaskinen på romskipet, og tilpassa befolkninga på jorda, som datamaskinen feilaktig trudde bestod av bilar, fly og så bortetter.

Teiknefilm[endre | endre wikiteksten]

Teiknefilmserien Transformers gjekk i 4 sesongar i USA, medan han heldt fram med originalt materiale i eit par år til i Japan, der han endå var populær. I USA byrja interessa frå publikum å dala på slutten av 1980-talet, og både leiketøy, teikneserien og teiknefilmserien blei sett på vent. I Europa og Japan blei leiketøyseriene halden fram med nye figurar i fleire år.

Spelefilmar[endre | endre wikiteksten]

4. juli 2007 hadde spelefilmen Transformers, regissert av Michael Bay og produsert av Steven Spielberg verdspremiere. Han hadde Shia LaBeouf, Josh Duhamel, Megan Fox og Tyrese Gibson i dei viktigaste menneskerollene, medan Peter Cullen og Hugo Weaving gav stemme til høvesvis Optimus Prime og Megatron. Filmen og blei ein stor suksess verda over.[1] Sommaren 2009 fekk oppfølgjaren Transformers: Revenge of the Fallen premiere i USA. Ein tredje film, Transformers: Dark of the Moon, kom ut i juni 2011, i 3-D-format, og tente inn over 1 milliard dollar, trass blanda krittikk. Transformers: Age of Extinction kom ut i juni 2014 med same type inntening, trass mest negative meldingar. Transformers: The Last Knight kom ut i juni 2017, også til dårleg kritikk, og tente heller ikkje inn produksjonskostnaden.[2] I 2018 kom spinoff-filmen Bumblebee, regissert av Travis Knight, som fekk generelt god kritikk og økonomisk suksess. Oppfølgjaren Transformers: Rise of the Beasts, regissert av Steven Caple Jr., kom ut i juni 2023 til blanda kritikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Transformers». Box Office Mojo. Henta 13. februar 2008. 
  2. «Hasbro Confirms The Transformers Cinematic Universe - Transformers 5 In 2017?». TFW2005. 20. april 2015. Henta 21. april 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Transformers