Trekantsambandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stordabrua sett frå Føyno.

Trekantsambandet er eit vegsamband som bind saman øykommunane Stord og Bømlo med Sveio og fastlandet.

Sambandet vart opna 30. april 2001 og vert utgjort av dei to hengjebruene Stordabrua og Bømlabrua, lågbrua Spissøybrua og den 7,8 km lange undersjøiske tunnelen Bømlafjordtunnelen med lågaste punkt 260 muh. Stordabrua og Bømlabrua er mellom dei største hengjebruene i Noreg. Sambandet knyter òg øyane Spissøy, Nautøy og Føyno saman med fastlandet.

Trekantsambandet erstatta dei fire ferjestrekningane Valevåg-Skjersholmane, Valevåg-Mosterhamn, Sagvåg-Siggjarvåg og Skjersholmane-Utbjoa.

Sambandet kosta til saman 1 814 millionar kroner då det stod ferdig, og er delvis finansiert ved hjelp av bompengar. Bomstasjonen er plassert på Føyno og passering kan skje anten ved kontant betaling eller ved hjelp av AutoPASS.

Bømlafjordtunnelen og Stordabrua er ein del av Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger. Denne delen av Trekantsambandet vart opna 28. desember 2000.

Trekantsambandet vert nedbetalt fortare enn det som var planlagt. Bømlo kommune ynskte å vidareføra bompengeinnkrevinga ut den planlagde perioden for å bruka pengane på lokale vegar. Dette sa nabokommunane nei til, og planane vart skrinlagde.

Dei ulike delane av sambandet[endre | endre wikiteksten]

Bømlabrua sett frå Stordabrua.

Digernestunnelen[endre | endre wikiteksten]

Digernestunnelen, også kalla «miljøtunnelen» er ein tunnel som er laga først og fremst av naturvern- og estetiske omsyn der Trekantsambandet startar ved Digernes.

Stordabrua[endre | endre wikiteksten]

Stordabrua er ei hengjebru over Digernessundet, mellom Digernesklubben på Stord og Føyno. Lengda er på 1076 meter med eit hovudspenn på 677 meter. Brutårna ragar 97 meter over vassflata og seglingshøgda er 18 meter.

Bømlabrua[endre | endre wikiteksten]

Bømlabrua er ei hengjebru over Spissøysundet mellom Nautøy og Spissøy i Bømlo kommune. Lengda er 990 meter med eit hovudspenn på 577 meter. Brutårna ragar 105 meter over vassflata, og seglingshøgda er 36 meter.

Spissøybrua[endre | endre wikiteksten]

Spissøybrua er ei lågbru over Gassasundet, frå Spissøy til Klungervika på Bømlo. Seglingshøgda er 7 meter.

Bømlafjordtunnelen[endre | endre wikiteksten]

Bømlafjordtunnelen er ein undersjøisk tunnel som går under Bømlafjorden mellom Føyno og Ulvaråker ved Valevåg i Sveio. Tunnelen er 7,8 km lang og 260 muh på det djupaste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]