Stord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stord
Fitjarøyane med øya Stord i bakgrunnen. Sett frå vest.
Fitjarøyane med øya Stord i bakgrunnen. Sett frå vest.
Geografi
Norway - Stord.PNG
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°51′N 5°26′EKoordinatar: 59°51′N 5°26′E
Areal 241 km²
Lengd 27 km
Breidd 13 km
Høgaste punkt Mehammarsåto (749 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Leirvik (11 237 innb.)
Demografi
Folketal ca. 19 400
Folketettleik 80 /km²
Sjå òg Stord kommune.

Stord er ei øy i Hordaland fylke, om lag midtvegs mellom Bergen og Haugesund. Øya har ei flatevidd på 241 km² og er delt mellom kommunane Fitjar i nord og Stord i sør. Øya ligg nord for Bømlafjorden og er den nest største øya i Hordaland. Stord kommune utgjer 127 km² av øya, medan Fitjar kommune utgjer 117 km².

Det høgaste punktet på øya er Mehammarsåto på 749 meter over havet. Eit meir kjend fjell er kanskje Kattnakken på 734 meter over havet som har eit tårn med TV-sendar.

Topografisk kart over Stord

Stord Lufthamn Sørstokken er ein kortbaneflyplass som ligg på vestsida av øya og vert brukt av heile Sunnhordland. Sidan 2000 har Stord hatt vegsamband med fastlandet gjennom Trekantsambandet. På nordsida av øya går det ferjesamband frå Sandvikvåg til Halhjem i Os og på austsida frå Jektevik til Tysnes.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]