Triangelgalaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
GALEX-bilete av Triangelgalaksen teke i ultrafiolette bølgjelenger.

Triangelgalaksen (katalogisert M33 og NGC 598) er ein spiralgalakse som ligg rundt 3 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Triangelet.[1] Etter Andromedagalaksen er Triangelgalaksen den næraste spiralgalaksen til Mjølkevegen.[2] I motsetnad til Andromedagalaksen, som frå Mjølkevegen blir sett nesten ifrå sida, blir Triangelgalaksen sett meir på hell. Dette gjer at ein kan observera den indre strukturen til Triangelgalaksen mykje enklare.[2]

Karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Triangelgalaksen er over 50 000 lysår i diameter og er den tredje største galaksen i Den lokale gruppa, rangert etter Andromedagalaksen og Mjølkevegen.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Triangelgalaksen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «APOD 2008 September 13» - Astronomy Picture of the Day 13. september 2008 om Triangelgalaksen.
  2. 2,0 2,1 «PIA03033: Anatomy of a Triangulum» - biletteksten til eit GALEX-bilete av Triangelgalaksen hos NASA Photojournal.