Tribeč

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tribeč i Slovakia
Gýmeš-borga

Tribeč er ei krystallinsk fjellkjede vest i Slovakia. Ho høyrer til Fatra-Tatra-området i dei indre, vestlege Karpatane og ligg om lag midt mellom byane Nitra, Partizánske og Zlaté Moravce. Rundt fjella ligg Det donauske låglandet, Pohronský Inovec, Vtáčnikfjella og Det øvre Nitra-bekkenet.

Fjellkjeda er 50 km lang og opp mot 18 km på det breiaste. Bøketre er den dominerande tresorten i området. Det høgaste fjellet er Veľký Tribeč på 830 meter over havet. Området er ein del av Ponitrie verna landskapsområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°30′0″N 18°19′59″E