Trinidad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over øya Trinidad
Lesser Antilles location map.svg

Trinidad er med sine 4 821 km² den største øya i øygruppa Dei små antillane og i øystaten Trinidad og Tobago.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya Trinidad er, i motsetnad til dei andre øyane i området, ikkje av vulkansk opphav, ho var tidlegare ein del av det søramerikanske fastlandet. Landskapet er mykje kupert, då øya er prega av tre aust-vest-gåande fjellkjeder, med det 940 meter høge 'Cerro del Aripo' som det høgste. I nord dominerer regnskog, i sør savanne med innslag av oppdyrka landområde.

Klimaet er tropisk med dagstemperaturar i kring 30 °C, om natta fell temperaturen ned til 20 °C. Størsteparten av årsnedbøren på 2 000 mm kjem mellom juni og oktober.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I fylgje folketeljinga i år 2000 budde 1 262 366 menneske på Trinidad og Tobago. Folketalsveksten er årleg på 0,3 % til 0,4 %, medan folketettleiken er 251 pr km².

50 % av befolkninga på Trinidad er etterkomarar av afrikanske slavar eller av såkalla mulattar. I kring 40% er etterkomarar av indiske innvandrarar, om lag 10% er etter folk av annan herkomst. Elles er det eit lite mindretal av asiatar og kvite.

Dei kristne utgjer 40,3 % (29,4 % katolikkar, 10,9 % anglikanarar) , elles er det 23,8 % hinduar, 5,8 muslimar samt eit fåtal jødiske menigheiter.

Port-of-Spain er største byen og hovudstad i Trinidad og Tobago. Den neste største byen på øya er Chaguanas med om lag 67000 innbyggarar.

Engelsk er embetsspråk for staten Trinidad og Tobago, det vert og snakka fransk, spansk, hindi, kinesisk og kreolsk (patois).

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Calypso-musikk og -dans, steelbandet med instrumentet steelpan, samt musikkretninga Soca er alle kunstformer med opphav på Trinidad. Calypsoen er særleg knytt til det årlege karnevalet. Eitt av dei mest kjende karnevalsopptoga i verda finn stad på Trinidad.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Etter ein byrja utvinne jordolje i 1910 har utvinning og raffinering av olje, samt produksjon av gass, vore hovudnæring på Trinidad. Den billege energien vert også nytta til å drive smelteverk. Den største naturlege asfaltførekomsten i verda, den såkalla Asfaltsjøen (Pitch Lake). Hamna i Port-of-Spain er den største på øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart oppdaga 31. juli 1498 av Christoffer Columbus på hans tredje reise. Columbus kalla øya opp etter tre fjelltoppar, difor har ho namnet som viser til den heilage treeininga (=Trinidad). Frå 1552 fall Trinidad under spansk herredømme og ho låg under den spanske krona i om lag 250 år.

Etter den spansk-engelske krigen kom Trinidad i 1802 under britisk makt, Tobago det same i 1814. Frå 1889 var Trinidad og Tobago ein britisk koloni, styrt frå Port of Spain, sidan då er den politiske historia felles for dei to øyane. I 1956 fekk kolonien avgrensa indre sjølvstyre. Mellom 1958 og 1962 høyrde Trinidad og Tobago til den såkalla Vestindiske føderasjonen. I 1962 vart øyane ein sjølvstendig stat, knytt til Det britiske samveldet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Railroad Map of Trinidad». 1925. http://www.wdl.org/en/item/11332/. Henta 2013-10-25. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]