Tropopause

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tropopausen er ei grense i atmosfæren mellom troposfæren og stratosfæren.

Troposfæren er den lågaste av laga i atmosfæren og er det laget der det meste av vêret oppstår. Laget strekkjer seg frå overflata til ei høgd på om lag 17 km over ekvator og 7 km over polane. Stratosfæren strekkjer seg frå der troposfæren sluttar til ei høgd på om lag 50 km over jordoverflata. Tropopausen er altså høgare over ekvator enn over Nordpolen og Sørpolen, og derfor er òg tropopausen på sitt kaldaste over ekvator.

Ved å måle den adiabatiske temperaturendringa i troposfæren og stratosfæren finn ein nivået der tropopausen ligg. I troposfæren fell temperaturen i snitt med 6,5 °C per km. I stratosfæren stig derimot temperaturen med høgda igjen på grunn av oppvarmingsprosessar i samband med ozonlaget som ligg i stratosfæren. I den høgda der temperaturen går frå å falle til å stige finn vi tropopausen. Den eksakte definisjonen frå World Meteorological Organization er:

det lågaste nivået der temperaturendringa minkar frå 2 °C/km eller mindre, så lenge den midla temperaturendringa mellom dette nivået og alle høgare nivå innanfor 2 km ikkje stig over 2 °C/km.

Ein alternativ, dynamisk definisjon på tropopausen har ein ved å bruke potensiell virvling i staden for den vertikale temperaturgradienten. Det finst ingen universelle grenseverdiar, men den mest vanlege er at tropopausen ligg i nivået der den potensielle virvlinga er 2 PVU eller 1,5 PVU høgare enn ved overflata. PVU står for potential vorticity unit (potensiell virvlingseining). Denne grenseverdien har positive eller negative verdiar (t.d. 2 og -2 PVU) alt etter om overflata er på nordlege eller sørlege halvkule. Ved å definere tropopausen på denne måten, med ein positiv og negativ grenseverdi, må dei to flatene møtast nær ekvator ved å bruke ei anna type flate som t.d. flata for konstant potensiell tempratur.

Det er òg mogeleg å definere tropopausen ut frå kjemiske samansetningar. T.d. har den lågare stratosfæren mykje høgare konsentrasjon av ozon en den øvre troposfæren, men mykje lågare konsentrasjon av vassdamp.

Tropopausen er ikkje ei «hard» grense. Kraftige toreskyer, særleg i tropiske strøk, kan t.d. trenge inn i den lågare stratosfæren, og skape lågfrekvente vertikale svingingar. Slike svingingar startar lågfrekvente atmosfæreiske bølgjetog som kan påverke både atmosfæren og havstraumar i området.

Jordatmosfæren

  Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren  

  Tropopause | Stratopause | Mesopause | Eksobase  

  Ozonlaget | Turbopause | Ionosfæren