Ozonlaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ozonlaget er ein del av jorda sin stratosfære som inneheld høgre konsentrasjon av ozon enn resten av atmosfæren.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Laget er kjend for å redusera UV-stråling frå sola. Dette skjer ved at stråling som treffer ozonmolekyl (O3) spaltar dei om til eitt oksygenmolekyl (O2) og eitt oksygenatom (O) som kan reagera med kvarandre igjen og danna nytt ozon. Ulike strålingstypar kan bli heilt hindra i å treffa jorda (UV-C), delvis hindra (UV-B), eller ikkje særleg hindra (UV-A). UV-B-stråling kan føra til solbrenning og hudskader som kan leia til hudkreft, og det vernande ozonlaget er derfor svært viktig for livet på jorda.

Minkande ozonlag[endre | endre wikiteksten]

1970- og 80-talet tok forskarar til å finna ut at det var mindre ozon i atmosfæren enn før. Over Arktis og særleg over Antarktis var det særs lite ozon, slik at ein tok til å snakka om «hol» i ozonlaget.

Skulda for reduksjonen i ozonlaget blei gjeven til menneskelege utslepp av klorfluorkarbongassar, også kjend som KFK-gassar. Desse kan gje frå seg frie radikalar, atom som kan katalysera nedbryting av ozon til oksygenmolekyl. Sidan dei frie radikala ikkje sjølv bind seg til produkta, kan dei øydeleggja tusenvis av ozonmolekyl.

Reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Verda reagerte med å prøva å minka utsleppa av KFK-gassar. Sverige var først ute med eit forbod mot sprayboksar som sleppte ut slike gassar i 1978. Etter at ein oppdaga ozonholet over Antarktis gjekk mange av verdas land saman om ein internasjonal avtale, Montrealprotokollen, som avgrensa produksjonen av gassane frå 1987 og stoppa han heilt frå 1996.

I 2003 kunne forskarar for American Geophysical Union fortelja at holet i ozonlaget hadde vakse mykje seinare det siste tiåret. Oppsamling av gassar og framleis brukt av dei i land som ikkje kontrollerer KFK-gassar kan likevel føra til fortsatt uttynning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ozonlaget

Jordatmosfæren

  Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren  

  Tropopause | Stratopause | Mesopause | Eksobase  

  Ozonlaget | Turbopause | Ionosfæren