Trude Brosvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trude Brosvik

Fødd30. oktober 1961 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Gulen (1999–2011)
  • vararepresentant til Stortinget (1993–1997)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021) Sjå dette på Wikidata

Trude Brosvik (fødd 30. oktober 1961) er ein norsk KrF-politikar frå Gulen. Ho var ordførar i Gulen kommune frå 1999 til og med 2011, og var den fyrste kvinnelege ordføraren i kommunen. Brosvik er KrF sin fyrstekandidat frå Sogn og Fjordane, er leiar for Sogn og Fjordane KrF og er medlem i KrF sitt sentralstyre. I tillegg er ho styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane og leiar for distriktsprogramrådet for NRK Sogn og Fjordane.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Brosvik jobba som kyrkjeverje før ho vart ordførar. Ho var medlem av Gulen kommunestyre frå 1987 til 1995. Deretter var ho medlem av Sogn og Fjordane fylkesting frå 1995 til 1999. I 1999 etterfølgde ho Ola Byrknes som ordførar i Gulen kommune, og vart medlem av sentralstyret i KrF same året. I 2006 vart ho også fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF. Brosvik er no tilbake i stillinga som kyrkjeverje i Gulen.

Trude Brosvik helser på Kjell Magne Bondevik under opninga av Tusenårsstaden i 2005.
Foto: Nina Aldin Thune

Brosvik har vore aktiv i debattar og mediabruk i ei tid då KrF har hatt motgang. Ho har til dømes markert seg ved å understreka KrF sitt nei til EU. Ei av dei viktigaste politiske sakene for Brosvik, er å kjempa for trygg oppvekst og god skule for borna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]