Trude Jochum-Beiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trude Jochum-Beiser
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 2. september 1927 (96 år)
Lech
Yrke alpinist

Trude Jochum-Beiser, fødd Trude Beiser, (fødd 2. september 1927) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Lech am Arlberg i Vorarlberg som vart verdsmeister i utfor i 1950 og olympisk meister i same greina under vinterleikane 1952.

Trude Beiser tok sølv i utforrennet under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, slått med åtte tidelsekund av Hedy Schlunegger frå Sveits. Etter eit brukbart slalåmrenn i OL-løypene tok ho gullmedaljen i kombinasjonen.

I 1950 var ho gift og heitte Trude Jochum-Beiser. Fire månader etter ho hadde vorte mor, reiste ho til Aspen i Colorado for å delta i VM i alpine greiner 1950. Etter å ha teke sølvmedaljen i storslalåm, to tidels sekund bakom landskvinna Dagmar Rom, vann ho ein soleklar siger i utforløypa.

Under dei olympiske leikane 1952 i Oslo vann Jochum-Beiser gullmedaljen i utfor med romsleg margin. Sidan konkurrerte ho berre i heimlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]