Tsjeljabinsk-meteoritten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røykspor etter meteoritten.

Tsjeljabinsk-meteoritten var ein meteoride som kom inn i jordatmosfæren om morgonen 15. februar 2013 over Ural-regionen i Russland, og tok til å gløda og gå i oppløysing. På grunn av trykkbylgjene som fylgje av at meteoren eksploderte, vart fleire vindaugo knuste i byen Tsjeljabinsk, og eit fabrikktak skal ha falle saman. Meir enn 1 200 menneske skal ha vorte skadde i hendinga, dei fleste av desse fekk kuttskadar og blåmerke.[1][2] Meteoritten er den største som er rapportert sidan Tunguska-hendinga i 1908, som òg fann stad i Russland; i Sibir. Ein reknar med at det i snitt går 100 år mellom hendingar av same storleiksklasse som Ural-meteoritten.[3]

Ein av innbyggjarane i Jekaterinburg skildra ljoset frå meteoren som «blendande».[2] Mange filma hendinga med frontrutekamera monterte i bilar.[4]

Seinare same dagen, og utan å ha noko med hendinga i Russland å gjera, passerte asteroiden 2012 DA14 rekordnært jorda. Det var eit særs uvanleg samantreff at desse hendingane kom so tett på kvarandre.[2][5] Meteoren hadde ein tydeleg annleis bane enn asteroiden.[3]

I isen på Tsjebarkulsjøen oppstod eit hòl på seks meter i diameter utan at dykkarar fann meteorittrestar i sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]