Tsjeljabinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjeljabinsk
Челя́бинск
Sør-Ural Statsuniversitet
Sør-Ural Statsuniversitet
Flagget til Tsjeljabinsk Byvåpenet til Tsjeljabinsk
Flagget til Tsjeljabinsk Byvåpenet til Tsjeljabinsk


Plassering
Tsjeljabinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk oblast
Grunnlagd 1736
Borgarmeister Mikhail Jurevitsj
Geografi
Flatevidd
 - By

486 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

1 091 500
  2 245,9 /km²
Koordinatar 55°9′″N 61°24′″EKoordinatar: 55°9′″N 61°24′″E
Høgd over havet 220 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 454xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)351
Bilnummer 74, 174
Nettstad: www.cheladmin.ru


Tsjeljabinsk (russisk Челя́бинск) er den niande største byen i Russland og hovudstad i Tsjeljabinsk oblast. Han har like over 1 millionar innbyggjarar og i storbyområdet bur det over 1,3 millionar menneske.

Tsjeljabinsk ligg på austsida av Uralfjella, om lag 200 meter over havet. Byen ligg 210 km sør for Jekaterinburg ved elva Miass. Byen er eit viktig transportknutepunkt. Mellom anna går den transsibirske jernbanen gjennom byen. Flyplassen heiter Balandino. Byen er eit senter for metallurgi, maskinindustri og lett industri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Festinga Tsjeljaba, som byen er kalla opp etter, vart bygd på staden i 1736, som fekk bystatus i 1781. Rundt 1900 var han eit senter for bygginga av den transsibirske jernbanen.

Under den sovjetiske industrialiseringa i 1930-åra opplevde Tsjeljabinsk raskt vekst. Fleire industriføretak, mellom anna Tsjeljabinsk traktorfabrikk og Tsjeljabinsk metallurgiske fabrikk, vart bygd på denne tida. Under den andre verdskrigen valde Josef Stalin å flytte store sovjetiske fabrikkar til staden og bort frå dei framrykkande tyske styrkane seint i 1941. Dette førte ny industri og tusenvis av arbeidarar til Tsjeljabinsk, som på tida framleis var ein liten by. Fleire enorme anlegg for produksjon av stridsvogner av typen T-34 og rakettkastarane Katjusja låg i Tsjeljabink, som av den grunn vart «Tankograd» («Stridsvognbyen»). Tsjeljabinsk vart i røynda bygd frå grunnen av, men i sentrum av byen kan ein framleis ane konturane av den vesle byen som låg her før den tid. Stridsvognfabrikken vart flytta til Omsk i 1962.

Ei alvorleg nukleær ulukke i 1957 ved Majak kjernebrenselsprosesseringsanlegg 150 km nordvest for byen førte til dødsfall i Tsjeljabinsk oblast, men ikkje i sjølve byen. Provinsen vart lukka for utlendingar fram til 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjeljabinsk