Tsjetsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tsjetsjen (russisk Остров Чечень; Ostrov Tsjetsjen) er ei øy like ved vestkysten av Kaspihavet i Russland. Ho ligg 20 km aust for Krainovka.

Øya har ei lengd på 19 km og er opp mot 9 km på det breiaste. Havet rundt Tsjetsjen frys vanlegvis til mellom januar og mars. Av nærliggande øyar finn ein Lopatin (òg kalla Lopatina), Bazar, Prygunki, Pitsjuzjonok og Jaitsjnij.

Det er mange fuglar på Tsjetsjen, særleg måsar.[1]

Øya høyrer til republikken Dagestan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prosjekt for biologisk mangfald i Kaspihavet

Koordinatar: 43°966′N 47°756′E