Tucholaskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plassering i Nord-Polen
Tuecheler Heide på eit tysk kart over provinsen Vest-Preussen i 1896
Tre i nasjonalparken

Tucholaskogen (polsk Bory Tucholskie; kasjubisk Tëchòlsczé Bòrë; tysk Tuchler eller Tucheler Heide) er ein stor skog nær byen Tuchola (Tucheln) nord i Polen og ligg mellom elvane Brda og Wda.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Området vart forma under den siste istida og er dekt av låge åsar og meir enn 900 vatn. Med eit areal på 1200 km² med tett gran- og furuskog, er skogen ein av dei største i Polen og Sentral-Europa. Sidan 1996 har området vart ein del av Tucholaskogen nasjonalpark, som har eit areal på 46,13 km². Om lag ein tredjedel av området er busett av Kociewiacy-folket.

Dei største byane i området er Czersk og Tuchola.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under Det tyske keisardømet var Truppenübungsplatz Gruppe eit militært område der det vart utført medisinske forsøk.

Under invasjonen av Polen i 1939 i byrjinga av den andre verdskrigen vart det store slaget ved Tucholaskogen utkjempa i området, og det vart igjen okkupert av tyske troppar.[1] og kalla Truppenübungsplatz Westpreußen, eller kodenamn «Heidekraut».

Mellom august 1944 og januar 1945 utførte SS-troppar under Hans Kammler og Walter Dornberger omfattande testar av A-4-missilar (V-2-rakettar), etter at teststaden nær Blizna vart oppdaga og så bombardert av dei allierte. Om lag 107 missilar vart fyrt av i retning sørover. I januar 1945 evakuerte tyskarane område før Den raude arméen tok over området.

Etter den andre verdskrigen var skogen ein skjulestad for mange antikommunistiske partisanar, mellom anna Zygmunt Szendzielarz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heinz Guderian: Erinnerungen eines Soldaten, "Ich hatte am 3.9 ... meinen Sohn Kurt wiedergesehen und mich dabei an den Türmen von Kulm, meiner Geburtsstadt, erfreut, die vom Ostufer der Weichsel herüberwinkten. Am 4.9 ... bei ihren Waldgefechten und endete auf dem alten deutschen Truppenübungsplatz Gruppe westlich Graudenz.", 1951, [1]
      • Erich Wernicke: Wanderungen durch die Tuchler Heide. Kafemann, Danzig 1913 (Digitalisat)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°36′N 18°00′E