Tujia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tujiakvinner i folkedrakt

Tujia (kinesisk skrift 土家族, pinyin tǔjiāzú; endonym bizika 毕兹卡) er eit av dei 55 offentleg erkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Ifølgje folketeljinga i 2000 var det 5,75 millionar tujiaer i Kina, for det meste i Wulingfjella, i provinsane Hunan og Hubei, samt i tilstøytande område.

Tujiakulturen har under heile 1900-talet vore under sterkt press. Folket har i stor grad tilpassa seg den dominerande hankinesiske kulturen. Kanskje berre 20 000 til 30 000 tujiaer nyttar folkegruppas opphavlege talemål, dei hine talar kinesisk eller miaospråk.

Tujiane er kjende for sine songtradisjonar, si visedikting og for handdansen baishou. Denne selskapsdansen er kjend frå 1500-talet. Han nyttar seg av 70 ulike, rituelle gester som viser til ulike sider ved krigføring, landbruk, jakt, hoffliv og tradisjonelt levesett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]