Miao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trommedans under ei framsyning

Miáo 苗 er namnet på eit folk i Søraustasia. I Folkerepublikken Kina, der dei fleste av dei bur, kallast dei Miáo, i Vietnam Mèo eller H'Mông, Thailand แม้ว (Maew) eller ม้ง (Mong), og i Burma mun lu-myo. I Kina vert dei rekna til dei 55 offisielt anerkjende minoritetsfolka.

I Kina held dei til i provinsane Guizhou, Hunan, Yunnan, Sichuan, Guangxi, Hainan, Guangdong og Hubei. Frå Kina var det for århundre sidan ei utvandring sørover, til Søraustasia. Etter den kommunistiske maktovertakinga i Laos i 1975 flykta store grupper hmong/mong til ei rekkje vestlege land, særleg til USA, Frankrike og Australia.

Dei fleste miao bur i Kina. Miaobefolkninga har ifølge offisielle tal vakse slik:

  • 1953: 2 510 000
  • 1964: 2 780 000
  • 1982: 5 030 000
  • 1990: 7 390 000

3.600.000 av dei, det vil seie halvparten, budde i Guizhou i 1990.

Det er også 2 millionar miao utanfor Folkerepublikken Kina, særleg i Vietnam, Laos, Myanmar, Thailand, Taiwan, Kambodja og på andre kontinent.

.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!