Tun Media

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tun Media er eit norsk forlag som gjer ut riksavisa Nationen og blada Bondebladet, Jakt og Fiske, Lev Landlig, Traktor og Norsk Landbruk.

Forlaget eig og driv Landbruksforlaget, Bokklubben Jakt og Fiske og nettstadane norsklandbruk.no og naturbruk.no.

Tun Media vart etablert i 2000 som ei samanslåing av Landbruksforlaget, Bondebladet og Nationen. Forlaget held til i Schweigaards gate 34 A på Grønland i Oslo

Dei største eigarane av forlaget er Tine BA (28 %), Norges Bondelag (27 %), Gilde Norsk Kjøtt BA (20 %) og Landkreditt (8 %).

Omsetnaden låg på 90,6 millionar kroner i 2004.

Terje Bertheussen er administrerande direktør, og Grete Sjurgard styreleiar i selskapet.(2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]