Turlough
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein turlough eller turlach er ein unik type innsjø som forsvinn og dukkar opp att og som ein berre finn i kalksteinsområde på Irland, hovudsakleg vest for elva Shannon. Ein meiner at namnet kjem av det irske «tuar loch», som tyder «tørr innsjø». Ein finn innsjøane i karstområde på Irland. Dei er òg til stor interesse for forskarar. Geomorfologar er interessert i korleis turloughar vert danna, hydrologar prøver å forklare kva som fyller innsjøane, medan botanikarar studerer den uvanlege vegetasjon på botn av innsjøane og zoologar studerer dyrelivet ein finn nær dei.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Turlough (lake) frå Engelsk Wikipedia .