Twist with the Ventures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Twist with the Ventures
Studioalbum av The Ventures
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 20. januar 1962
Innspelt 1961
Sjanger Surferock
Lengd 26:19
Selskap Dolton Records
Produsent Josie Wilson & Bob Reisdorff
The Ventures-kronologi 
The Colorful Ventures
(1961)
Twist with the Ventures Twist Party, Volume 2
(1962)


Twist with the Ventures er det femte studioalbumet til bandet The Ventures. Det kom ut i 1962 på Dolton Records.[1] Det består hovudsakleg av instrumentale versjonar av populære dansesongar frå seint i 1950- til tidleg i 1960-åra, i tillegg til eit par originale komposisjonar. Det låg på albumlista i USA i 29 veker og nådde 24. plassen på Billboard 200.[2] Albumet vart seinare gjeve ut på ny med nytt omslag og tittelen Dance!.[1] Under innspelinga av dette albumet slutta den originale trommeslagaren Howie Johnson og vart erstatta av Mel Taylor, og den klassiske besetninga til Ventures var då oppstått.[3] Derfor spelar både Johnson og Taylor trommer på dette albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Driving Guitars (Ventures' Twist)»Bob Bogle, Nokie Edwards, Don Wilson1:59
2.«The Twist»Hank Ballard1:52
3.«Road Runner»Rick Dangel, John Greek2:42
4.«Gringo»Gene Moles2:30
5.«Moon Dawg»Derry Weaver2:21
6.«Guitar Twist»Dick Glasser, Tommy Allsup2:19
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Opus Four»Jerry Allison, Tommy Allsup2:00
8.«Movin' And Groovin'»Duane Eddy, Lee Hazlewood2:04
9.«Sunny River»Moles, Edwards2:08
10.«Let's Twist Again»Dave Appell, Kal Mann2:15
11.«Shanghied»Greek, Dangel1:50
12.«The Wasp»Wilson, Edwards, Bogle2:19

Dette er den originale sporlista frå originalalbumet.[4] På seinare utgåver vart «Opus Four» kalla «Opus Twist», og «The Wasp» vart kalla «Bumble Bee Twist»[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Dolton Album Discography». 
  2. «The Ventures :: Discography Charts». 
  3. «The Ventures Biography». rockhall.com. Henta 27. februar 2018. 
  4. «Twist with the Ventures». AllMusic. Henta 27. februar 2018.