Bassgitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Fender-bass

Bassgitar, bass eller el-bass er eit strengeinstrument som ein speler med fingrane eller eit plekter. Den fyrste elektriske bassgitaren såg dagens lys allereie i 1930. Den blei oppfunnen av Paul Tutmarc, men blei ikkje nokon suksess før Leo Fender og medarbeidaren George Fullerton (i selskapet Fender) lanserte den fyrste masseproduserte bassgitaren i 1951. Dei laga ein bass som blei kalla Precision bass. Namnet Precision kom av tverrbanda som delte inn halsen i nøyaktig tonehøgd. Dette gjer det lettare å spele reint enn på ein (bandlaus) kontrabass.

Det finst også bandlause el-bassar, såkalla «fretless» bass. Sistnemnde er særleg populære blant jazzbassistar, men er meir krevjande å spele på ettersom plasseringa av fingrane er viktigare.

I dag er begge variantar av el-bassen vanlege jazzinstrument, og varianten med band er nærast uunnverleg i rockemusikk og dei fleste andre elektrisk forsterka musikkformer.

Vanlegvis har bassgitaren fire strenger, som er stemt lik strengane på ein kontrabass, og kling i ‚E - ‚A - D - G. Dei tilsvarar dermed dei fire djupaste strengene på ein vanleg gitar, berre ein oktav lågare. Vidare finst det bassgitarar med fem strenger med ,,H som djupaste streng, og bassar med seks strenger som då vanlegvis er stemt i ,,H - ,E - ,A - D - G - c, eller dei kan vere stemt som strengane på ein vanleg gitar, berre ein oktav djupare.

Som ved alle andre strengeinstrument finst det bassar med eit meir «eksotisk» tal strenger, som tostrengarar, sjustrengarar, åttestrengarar osb. Etter prinsippet frå tolvstrengars-gitaren finst det også dobbelkorige el-bassar, som for kvar grunnstreng har ein oktavstreng (eller to eller tre, for trekorige og firkorige bassar) som kling med.

El-bassen er utstyrt med magnetiske eller elektroniske pickups, som fangar opp vibrasjonen frå strengane. Moderne el-bassar har gjerne «aktive» pickups, som er utstyrt med ein batteridriven forforsterkar som er innebygd i bassen. Med denne teknikken får ein betre attgjeving av overtonar, og ein kan heve eller senke dei høge og djupe tonane. Ved passive pickups kan ein berre senke dei høge tonane. I det siste har det dukka opp optiske system basert på piezoelektrisitet, som gjer det mogeleg å bruke ikkje-magnetiske strengar.

For å spele på ein el-bass må ein ha ein bassforsterkar («bass amp»), som bassen er forbunde til via ein jack-kabel eller ein XLR-kabel. Bassforsterkarar for bruk i et band bør ha ein utgangseffekt på minst 150 Watt ved 8 Ohm (ca. 250 Watt ved 4 Ohm). I rockeband som spelar høg musikk, er ein forsterkar med 400 Watt slett ikkje overdimensjonert.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]