Tynwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tynwald på Isle of Man.

Tynwald (engelsk) eller Tinvaal (mansk) er ei lovgjevande forsamling for Isle of Man, ei av dei eldste slike forsamlingane i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Medan tidlegare vikingar som ikkje budde fast på Man kan ha halde ting der i eldre tid, er den eldste datoen for eit tynwaldmøte 979. Deretter følgjer ei ubroten rekke med møte, noko som gjer tinget til eitt av dei eldste i verda. Berre LøgtingiðFærøyane, som truleg blei eit årleg ting tidleg på 900-talet, har ein eldre tradisjon utan avbrot. Alltinget på Island blei grunnlagd i 930 men blei så avskaffa i 1800 og først gjenoppretta i 1845. Gulatinget blei grunnlagt før 870, og held fram i form av Gulating lagmannsrett. Dei andre norske lagtinga er frå tida mellom ca 930 og ca 1050.

Namnet Tynwald, på same vis som det islandske Þingvellir, er avleia frå norrønt 'Þingvǫll' (tingvoll) — staden eller vollen der tinget samla seg.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tynwald har to kammer, House of Keys (mansk Kiare as Feed) og lagtinget (mansk Yn Choonseil Slattyssagh). Dei to delane sit saman på Tynwald-dagen, vanlegvis den 5. juli, i byen St John's (Balley Keeill Eoin), og ved andre høve i Douglas (Doolish). Elles sit dei to kamra for seg sjølv. Dei fleste lovane har opphav i House of Keys medan lagtinget kan revidera dei.

Når Tynwald-forsamlinga møtest kvart år i St John's (vanlegvis på 5. juli), er det guvernørløytnanten (Lieutenant Governor) over Man som er møteleiar (president), om ikkje Elisabeth II Queen som Lord of Mann eller ein annan medlem av kongefamilien er til stades. Her blir alle lovforslag tatt opp til handsaming og avrøysting, og særskilde bønebrev blir mottekne og lesne opp. Dersom ei lov ikkje blir ratifisert på Tynwald innan 18 månader, blir den erklært ugyldig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tynwald
  • Tynwald - Nettstaden til parlanmentet på Isle of Man