Þingvellir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thingvellir hausten 2004.
Foto: Ingeborg Breitfeld
Öxaráfoss
Foto: Andreas Tille

Þingvellir nasjonalpark, eller TingvallaIsland, er ei slette i ein dal på Island, og blir rekna som ein del av verdsarva. Staden ligg ved den største innsjøen på Island, Þingvallavatn. Tingvellir skal vera den staden der islendingane heldt sitt første landsting, kring år 930. Det islandske parlamentet Alltinget (islandsk språk: Alþingi) fører historia attende til Alltinget frå norrøn tid (norrønt Alþing). Tinget fungerte òg som ein domstol.

Utover sin historiske verdi er Þingvalla òg kjend for eit variert og vent geologisk landskap. Tingstaden er omgjeven av bratte veggar av stein og vulkansk lava, som står att frå den tida Thingvallavatn oppstod gjennom ein sprekk mellom kontinenta for tusental år sidan. I området er det mange jordskjelv.

Området vart erklært som nasjonalpark i 1928, og vart teke med på UNESCO-lista over verdsarv i 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Þingvellir