US-karabin M1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
US-karabin

US-karabin M1 (på norsk ofte kalla berre US-karabin) er eit amerikansk, lett halvautomatisk gevær, som òg var i bruk i det norske forsvaret etter andre verdskrigen. Våpenet var laga for å vere eit sjølvforsvarsvåpen for «bakre-linje-styrkar», slik som for eksempel logistikkavdelingar. Dette etter at det amerikanske militærvesenet forstod behovet for eit våpen med større eldkraft enn pistolar i bakre linje. Samtidig var M1 Garand (det amerikanske militæret si halvautomatiske standardrifle frå og med andre verdskrigen) for tung og uhandterleg for styrkar i bakre linjer. Skota var i kaliber 7,62x33mm (.30). Våpenet hadde stavmagasin med høvesvis 15 eller 30 skot. Dette var eit sjølvforsvarsvåpen for bruk på relativt korte avstandar, og ikkje noko presisjonsvåpen på lange hold. Det vart blant anna bruka under andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: US-karabin M1