Uekte kognat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I språkvitskapen er ein uekte kognat to ord som liknar eller er like og som har like eller liknande tydingar, men som ikkje har noka eigentleg etymologisk tilknyting til einannan.

Ei vanleg form for uekte kognatar er ord knytt til barnespråk. Desse er blitt utvikla på ulike stader gjennom pludring, ikkje spreiing frå éi rot. «Mamma» og «pappa» på norsk og fleire andre europeiske språk svarer til dømes til kinesisk māma og bàba, men dei har utvikla seg sjølvstendig og er dermed uekte kognatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]