Ulrikstunnelen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrikstunnelen er ein 7670 meter lang tunnel på jarnbanen Bergensbanen under den nordlege delen av fjellet Ulriken, på strekninga mellom Bergen og Arna stasjonar i Bergen kommune. Ulrikstunnelen er ein av dei lengste jarnbanetunnelane i Noreg.
Før tunnelen stod ferdig i 1964 gjekk banen på strekninga mellom Bergen og Arna stasjonar ein mykje lengre veg om Nesttun. Denne lina vart lagt ned, men er på ei strekning teke vare på med køyrbar skjenegang, men utan køyreleidninga for elektrisk drift, og vert nytta som museumsjarnbane for damptog i sumarsesongen.