Nesttun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesttun
stad
Den tidlegare gågata på Nesttun. Gata er gjort om til kombinert gågate og trasé for bybanen.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Areal  0,65 km²
Folketal 2 375  (2023)
Postnummer 5223 NESTTUN
Preposisjon Nesttun
Kart
Nesttun
60°19′00″N 5°21′00″E / 60.31666667°N 5.35°E / 60.31666667; 5.35
Wikimedia Commons: Nesttun

Nesttun er ein tettstad i Fana bydel i Bergen kommune. Nesttun var administrasjonssentrum i tidlegare Fana kommune, som gjekk inn i Bergen kommune 1. januar 1972.

Nesttun tyder det nedste tunet. Høgare oppe ligg Midtun (tunet i midten), og øvst Øvsttun (som er det øvste tunet).

På Nesttun ligg mellom anna Nesttunsenteret, Nesttuntorget, Fana Sparebank, kommunehuset til tidlegare Fana kommune, dei verneverdige husa i Hardangervegen 1 og 3 og Birkeland kyrkje.

Den tidlegare jarnbanestasjonen på Nesttun, Nesttun stasjon, var ein av stasjonane på jarnbanen Vossabanen (som i 1909 vart ei strekning på Bergensbanen) fram til Ulrikstunnelen vart opna i 1964, og strekninga Arna-Nesttun-Bergen stasjon vart lagt ned. I si tid var Nesttun stasjon dessutan den eine av endestasjonane på den smalspora Nesttun-Osbanen. 22. juni 2010 vart Nesttun terminal ein førebels endehaldeplass for linje 1 på Bybanen sørover frå Bergen sentrum, og 21. juli 2013 opna Nesttun sentrum haldeplass utanfor Nesttunsenteret i traséen gjennom Østre Nesttunvegen. Der Østre Nesttunvegen tar slutt, går Bybanen inn i Nesttunhaugtunnelen vidare mot Skjold.

Bussterminalar og bybanestasjoner[endre | endre wikiteksten]