Uluabatsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°10′N 28°35′E
Uluabatsjøen
innsjø
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen
tilsig Mustafakemalpaşa
utløp Ulubat
By Gölyazı
koordinatar 40°10′N 28°35′E
Største djupne m
Areal 135-160 km²
øyar 8 (Halilbey)
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Uluabatsjøen (tyrkisk Uluabat Gölü og Apolyont Gölü) er ein innsjø i nærleiken av Bursa i Tyrkia. Han er ein stor innsjø med eit areal på mellom 135 og 160 km², avhengig av vassnivået, men er særs grunn og er berre 3 meter på det djupaste. Innsjøen har åtte øyar og ei øy som stundom er ei halvøy når vassnivået er lågt. Den største øya heiter Halilbey. I sørvest får innsjøen vasstilførsel frå Mustafakemalpaşa, som har danna eit slamhaldig delta. Utløpet frå innsjøen er elva Ulubat, som renn vestover og når Marmarahavet via elva Susurluk.

Det meste av breidda er dekt av vassplanter og ein finn dei mest omfattande plantebeda med kvit nøkkerose i Tyrkia. Innsjøen er ein av stadane den utryddingstrua dvergskarven hekkar. Andre fuglar som hekkar her er natthegre, topphegre og skjestork.

Det alternative namnet Apolyontsjøen kjem frå det antikke namnet Apolloniatis, kalla opp etter Apollonia ad Rhyndacum (dagens Gölyazı), som var ein gresk by ved breidda av innsjøen i antikken.

St. Konstantin[endre | endre wikiteksten]

St. Konstantin er ei lita øy i innsjøen. I austromartida stod St. Konstantin kloster på øya. I dag er ikkje øya lenger busett, men klosteret overlevde den osmanske erobringa av Vesleasia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]