Bursa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°11′N 29°04′E
Bursa
by
none  Statue av Atatürk og guvernementet Bursa
Statue av Atatürk og guvernementet Bursa
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Bursa
høgd 100 moh
koordinatar 40°11′N 29°04′E
Areal 1 036 km²
Folketal 1 704 441 [1][2]
 - storby 1 948 744
Tettleik 1 645 / km²
Grunnlagd 202 fvt.
borgarmeister Recep Altepe
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 1600
Retningsnummer (+90) 224
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.bursa.bel.tr

Bursa er ein by nordvest i Tyrkia. Han er den fjerde største byen og eit av dei mest industrialiserte byområda i landet. Byen har 1 704 441 innbyggjarar (2011), medan storbyområde har opp under to millionar innbyggjarar. Han ligg 100 km sør for Istanbul og 20 km frå Marmarasjøen.

Bursa var hovudstad i Det osmanske riket mellom 1326 og 1365. Byen vart omtalt som «Hüdavendigar» (tyder «Guds gåve») i den osmanske perioden, medan Yeşil Bursa (som tyder Grøne Bursa) er eit nyare kallenamn som syner til alle parkane og hagane som ligg i byen, samt dei store skogane i området kring. Bursa vart kalla Prusa i antikken og var hovudstaden i Bithynia (300-talet fvt.).

Byen er synonym med fjellet Uludağ som ligg nær byen og som har eit kjend skisenter. Mausoleuma til tidlege osmanske sultanar ligg i Bursa og dei mange byggverka bygd gjennom den osmanske perioden er av dei største landemerka i byen. Den frodige sletta kring byen, varmekjeldeene, fleire museum, mellom anna eit rikt arkeologimuseum, og ein velordna urban vekst dannar resten av biletet av Bursa.

Figurane Karagöz og Hacivat frå eit skuggespel var historiske personar som levde og er gravlagde i Bursa. Bursa er òg opphavsstaden til kjende tyrkiske matrettar som İskenderkebab, særleg kandiserte kastanjer, ferskenar og Turkish delight.

Uludağ universitet ligg i Bursa. Innanfor provinsen Bursa ligg byane İznik (Nikea), Mudanya og Zeytinbağı som er kjende for den lange historia si og viktige monument.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bursa ligg i grenseområde mellom middelhavsklima og fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Csa/Cfa). Bursa har varme, fuktige somrar, som varer frå juni til september. Vintrane er kalde og fuktige og den mest regnfulle tida av året. Det kjem stundom snø som ligg på bakken i ei veke eller to. I fjellområda, særleg Uludağ, er det frost og snø kvar vinter, men om sommaren er det behagleg temperatur i fjella.

Klimadata for Bursa
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 25.2 26.9 30.6 34.6 35.9 41.3 43.8 41.2 38.9 37.3 28.5 27.3 43,8
Normal maks. temp. °C 9.6 10.7 13.8 18.9 23.8 28.5 30.8 30.7 27.0 21.6 15.9 11.2 20 21
Normal min. temp. °C 1.6 2.1 3.7 7.3 11.2 15.1 17.4 17.3 13.6 10.1 5.7 3.3 1,6
Kulderekord °C -11.8 -16.4 -8.0 -3.1 1.6 5.2 9.6 10.1 5.0 0.2 -4.4 -8.4 -16,4
Nedbør (mm) 79.5 72.2 66.8 65.6 44.6 34.6 17.7 18.9 43.2 75.3 83.2 100.9
relativ fukt 75 75 75 72 72 67 65 65 67 73 75 76 71,4
Normal mengd regndagar 13.9 13.0 12.5 11.8 8.2 6.0 3.4 3.8 5.8 9.7 11.4 14.0 113,5
Normal mengd snødagar 4 4 2 0 0 0 0 0 0 0 1 3 14
Normale månadlege solskinstimar 96.1 89.6 130.2 168 251.1 303 334.8 306.9 234 167.4 120 89.9 2 291
Kjelde: Den tyrkiske statlege meteorologitenesta[3]

Bilete frå Bursa[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bursa