Una Peaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 65°06′24″S 63°56′26″W
Una Peaks
fjell
none  Una Peaks i Lemaire Channel i januar 2010
Una Peaks i Lemaire Channel i januar 2010
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Graham Land
 - koordinatar 65°06′24″S 63°56′26″W
Høgaste punkt
 - høgd 747 moh
Administrert under Antarktistraktaten
Una Peaks is located in Antarktis
Una Peaks (Antarktis)

Una Peaks, òg kalla Cape Renard Tower,[1] er to bratte klipper av basalt, som begge er dekte av is på toppen, ved det nordlege innløpet til Lemaire ChannelDen antarktiske halvøya. Den høgaste toppen er 747 moh,[2] og dei vart på folkemunne kalla «Una's Tits» («Puppene til Una»). Det offisielle namnet Una Peaks vart først godkjend i 2008. Fjella vart avbilda på eit frimerke frå Britisk Antarktis utan at namnet stod der.

Una var ei kvinne som budde i Stanley på Falklandsøyane og som arbeidde for det som no er British Antarctic Survey.[3] Det høgaste tårnet har berre vorte klatra ein gong, av eit tysk lag i 1999.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. American Alpine Club (1998). American Alpine Journal. Seattle, Washington: The Mountaineers Books. s. 136. ISBN 0-930410-78-5. 
  2. 2,0 2,1 Rubin, Jeff (2008). Antarktis. Melbourne: Lonely Planet. s. 273. ISBN 1-74104-549-5. 
  3. Chloe Jon Paul, Antarctic For All Ages: The Trip of a Lifetime

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Una Peaks