Basalt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Basalt

Basalt er ein mørk, finkorna lavabergart som hovudsakleg består av feltspat (plagioklas) og pyroksen (augitt). Det er den mest utbreidde lavaen på jorda, og kjennest frå notida så vel som frå tidlegare jordperiodar. Basalt er relativt tyntflytande som lava, og det blir danna flate, vide skjoldvulkanar. Lavamassane kan òg bryte fram frå såkalla spaltevulkanar, og i slike område kan den samla tjukkleiken til basaltstraumane gå opp i over 4000 m, Temperaturen på eit basaltmagma er omtrent 1200 °C ved utbrotet.

Førekomstar[endre | endre wikiteksten]

Store område med platåbasalt (trapper) er kjent frå Deccan i India, Washington og Oregon i USA, Paraná i Brasil, Karroo i Sør-Afrika og Sibir. Vidare er store delar av botnen i verdenshava dekt av basalt som kjem opp langs midthavsryggar. Fleire øyar som er bygd opp av basalt-vulkanar finn seg i nærleiken av desse ryggene, som til dømes Island og Jan Mayen. Felt med mangekanta basaltsøyler dannar fleire stader i verda oppsiktsvekkande formasjonar, til dømes i Giant's Causeway i Nord-Irland og Svartifoss på Island.

I Noreg er basalt av permisk alder kjent frå Oslofeltet, til dømes på Krokskogen i Buskerud og ved Holmestrand i Vestfold), og basalt av ordovicisk alder er kjent frå Trondheimsfeltet og Vestlandet, her omdanna til grønsteinar.

Basaltiske bergartar opptrer òg rikelig på overflata til månen. Dei inneheld meir av titanmineralet ilmenitt enn jordiske basaltar, og har òg andre kjemiske og mineralogiske særtrekk.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje ulike typar av basalt alt etter mineralinnhaldet. Tholeiittar kan innehalde noko kvart eller mindre mengder olivin, og utgjer ein stor del av platåbasalta. Dei opptrer òg langs midthavsryggane. Alkali-olivin-basaltar er særleg knytt til riftområder, men finst òg saman med tholeiitter. Basanittar inneheld nefelin eller òg leucitt og i tillegg ein del olivin, og opptrer til dømes i riftområde i austlege Afrika. Basaltar kan ofte vere porfyriske, det vil sei at dei inneheld større krystall (fenokrystall) i ein meir finkorna grunnmasse; til dømes er ankaramitt ein basalt med fenokrystall av pyroksen og olivin.

Når ein basaltsmelte størknar i ein sprekk i jordskorpa, blir bergarten kalla diabas eller doleritt. Den djupbergarten som svarar til basalt er gabbro.

Namnet basalt er særs gammalt og er nytta av Plinius i år 77 evt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Basalt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/basalt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Basalt