Unionen mellom Noreg og Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Noreg og Sverige i 1847 av Peter Andreas Munch.
Unionsvåpenet 1844-1905.

Unionen mellom Noreg og Sverige var ei sameining av dei to kongerika Noreg og Sverige som varte frå 1814 til 1905. Dei to landa bestod som to sjølvstendige statar, men var i personalunion med éin sams monark.

Sverige og Noreg hadde to gonger tidlegare vore sameint under éi krone: Først frå 1319 til 1343, og kortvarig under Karl Knutsson frå 1449 til 1450, i opposisjon til Christian av Oldenburg, som danskane hadde vald til ny konge av Kalmarunionen.